Oksygen er livsviktig for fisken i dammen. Dessverre vert dette oversett av mange.
Mengde oppløyst oksygen i vatnet varierer etter temperatur. Det er meir oksygen i kaldt vatn mens varmare har mindre oksygen. Dette er ei ulempe for fisken som har eit mykje større forbruk av oksygen når det er varmt. Andre forhold som reduserer mengden oppløst oksygen er saltinnhold i vatnet, medisinering, store mengder organisk avfall og hyppig foring. Nitrifikasjonsbakteriene forbruker mykje oksygen i omdanning av ammonium/nitrit/nitrat.
Vannplanter produserer oksygen om dagen, men om natta bruker dei oksygen så det lavaste oksygen-nivå måler ein om morgonen. Det er difor bra om ein i det minste på varme sommarnetter tilfører oksygen med f.eks. luftpumper. Behovet for oksygen er stort.
Det er vanskeleg å sei kor mykje luft du treng til din dam. Det er mange ting som spelar inn. Ein peikepinn for å sikre koi nok oksygen er at det trengs ca. 8 liter/minutt pr. 1000 liter vatn.
Altså 80 l/m til ein dam på 9000 liter.
|