|
Prosessen Kaldnes Moving Bed har vore i bruk innen vannrensing i over 10 år. Utvikla ved universitetet i Trondheim for å skapa det beste og mest effektive miljø for bakteriene i nitrifiseringsprosessen. Oksygen og mat (avfall frå fisk) vil få bakteriane til å gro og spre seg meir enn på noko anna materiale. Det er denne prosessen som fjerner ammonium og nitrit frå vatnet.
Slike plastmedier er forma som eit hjul og ved å pumpe luft gjennom vatnet sirkulere dette rundt hjulet og små mengder vatn vil også trenge inn gjennom hjulet. Når slikt medie heilt kaotisk koker rundt i eit filter vil døde bakterier bli fjerna og gir nye yngre og sultne bakterier fri plass. Inni hjulet er eit beskytta område der koloniar av bakterie kan leve sin naturlege livssyklus som oppvekst og død. Dermed har ein heile tida bakterier i alle ulike livsfaser (unge og gamle) og ein jevn og konstant behandling av avfallet. Nokre slike biomedier har ekstra stort beskytta område (Helix). Bakteriene som lever av avfall frå fisken vil etablere seg på mediet uten bruk av bakteriestarter, men det tek lengre tid. Bio-medie må modnast. D.v.s. bakteriane må fyrst etablere seg før filteret fungerer. I modningsprosessen må ein passe på at pH, ammoniakk og nitrit er innan eit akseptabelt nivå for fisken i dammen. Vanlegvis etter ein periode på frå 6 - 20 veker vil bakteriene ha etablert seg til eit så høgt nivå at dei klarer å behandle avfallet frå fisken. Det kan gå endå lengre tid avhengig av lokale forhold som vasskvalitet, temperatur og fisketetthet. Det viktigaste for å få ein god biofilm med bakterier på medie er oksygen og ein jevn tilgang på mat. Hvis ein vil dra dette langt nok så er automatforing veldig bra. Det vil ikkje berre gje bakteriene jevn matforsyning, men også fiskane vil like dette. Høg kvalitet på maten er sjølvsagt viktig. Hikari er regna som blant det beste. Den kaotiske bevegelsen av biomedia ved hjelp av luft gjer at media er sjølvrensande. Filteret kan dermed oppnå optimal effekt uten å bli redusert p.g.a. periodiske vedlikehold. Dette er viktig med tanke på den lange modningsprosessen før optimal effekt. Ulike media har vore prøvd ut på fiskeoppdrett med foring opp til 750 gram av 40% proteinfor per 50 liter media. Ein grei regel er 250 gram for pr. 50 liter for å sikre at vasskvaliteten til ein kvar tid er topp. |
| Koi.no |