Japanske Filtermatter



Japanske filtermatter er eit bra filtermedie for ja, faktisk både mekanisk og biologisk filtrering. Men som mekanisk filter vil det nok fort gå seg tett. Så dermed blir det eindel arbeid med vask av mattene. Dei er imidlertid lette å rense med trykkspyler.

Bakteriene som lever av avfall frå fisken vil etablere seg på dei japanske mattene i det biologiske filteret. Som altid er det viktig at vatnet her er reint så bakteriene får dei beste vilkår. Mattene blir kutta opp i strimler og ein bygger opp filteret med hull som vist på eksempelet på bildet over.
I modningsprosessen må ein passe på at pH, ammoniakk og nitrit er innan eit akseptabelt nivå for fisken i dammen. Vanlegvis etter ein periode på på 6 veker vil bakteriene ha etablert seg til eit så høgt nivå at dei klarer å behandle avfallet frå fisken. Det kan gå endå lengre tid avhengig av lokale forhold som vasskvalitet, temperatur og fisketetthet.
Det viktigaste for å få ein god biofilm med bakterier på mattene er oksygen og ein jevn tilgang på mat. Hvis ein vil dra dette langt nok så er automatforing veldig bra. Det vil ikkje berre gje bakteriene jevn matforsyning, men også fiskane vil like dette. Høg kvalitet på maten er sjølvsagt viktig. Hikari er regna som blant det beste.