|
Eit komplett filtersystem skal ha både ein mekanisk og ein biologisk del. Dei er begge viktige og må fungere etter dei krav dammen og fisken har. Eit godt mekanisk filter skal fjerne alt avfall frå dammen og ha mulighet til å felle dette ut slik at ein lett kan fjerne det og filteret etterpå er like reint som sjølve dammen. Ein skal unngå at avfall samler seg opp i filteret der vannstraum og oksygennivå er lavt. Dette er grobunn til uønska farlege bakteriar som kan føre til bakterie- eller virusproblem i dammen. Her skal ein også vere obs på rørsystemet der avfall kan hope seg opp over tid. | |
Den mekaniske filtreringen kan bestå f.eks. av filterbørster som ein bruker i første fase av filtreringen. Dei fungerer slik at vatnet frå dammen passerer gjennom børstene og desse fangar opp rusk og partiklar slik at desse ikkje går videre i systemet. Eller eit avsetningskammer som er store kar der større partiklar og rusk skal sette seg på bunnen og dermed ikkje går vidare i systemet. | ![]() Eller eit sandfilter som brukt i sømjebasseng der vatn vert pumpa gjennom sanden og rusk vert fanga opp. Eindel arbeid og ein treng ei kraftig pumpe, men det gjer godt resultat. Filtermatter er vanleg i mindre hagedamfilter, men er sjelden brukt til koidammar. Ein kan evnt. ha eit slik filter i enden av systemet for å fjerne dei aller minste partiklar i vatnet før dette returnerer til dammen. |
|
Minus med dei fleste løysingar er at det er eindel arbeid med reingjering og tildels store mengder godt vatn frå dammen må brukast til dette. Og som nevnt skal ein unngå at slam får ligge lenge i systemet. Helst skal dette fjernast kvar dag!
Så vil ein bruke tida til anna enn å vaske på filter, som f.eks. å nyte dammen og fiskane er det lurt at ein vel rett filter som har lite vedlikehald og fungerer godt. | |
Vortex, eller virvel, fungerer slik at vatnet kjem inn i eit kammer i ein virvel og avfall legg seg på bunnen. Det kjem litt ann på størrelsen på dammen også. Ein dam på 10000 liter (10 tonn) treng ikkje vortex, men vil klare seg fint med eit fleirkammerfilter med børster og biomatter. Men større dammar gjer det best med vortex som er lett å holde reint ved kun å skru opp bunnventilen kvar dag og tømme ut bunnfall. Når vatnet som kjem ut er reint skrur ein att ventilen og det var det. Eit anna veldig bra mekanisk forfilter er Sieve som er ei fin sil som fangar opp alt rusk i vatnet. Det er lite arbeid og den fungerer veldig bra.
|
![]() Krystallklart vatn er noko vi gjerne vil ha slik at me betre ser fisken i dammen. Men dette er ikkje einbetydande med at vannkvaliteten er topp. Husk å teste vatnet for å være trygg på at alt er som det skal. Den biologiske delen av filteret skal ta seg av ammoniakk og nitrit og omdanne dette til det mindre farlege nitrat. Meir om Biofilter Dette er det store bakteriekoloniar som tek seg av. Desse slår seg ned i den biologiske delen av filtersystemet ved at dei får gunstige leveforhold nettopp her. Men desse bakteriane er overalt i eit damsystem, og rikeleg der det er gode vekstflater og godt med oksygen og vannstrømning. Eit slikt filtermedie der bakteriane kan danne koloniar på kan f.eks. bestå av bioballar eller japansk filtermatter forma som eit gitter der vatnet kan renne fritt gjennom. Lavasteinar, kapp av rørstumpar eller f.eks. knust glass som ein kan finne fine slipte eksemplarer av på stranda. Men det er mange andre ting ein kan bruke til biologisk filtrering berre ein passar på at det ein brukar ikkje er giftig. Desse bakteriane treng rikeleg med oksygen for å trivast og vatn i bevegelse. Ein kan med stor fordel ha luftesteinar i den biologiske delen av filteret. Bakteriane trivest best i oksygenrikt varmt vatn med ein pH rundt 7,5 og sjølvsagt litt varme. I større dammar på rundt 15 tonn og oppover er det lurt å ha filtermedie i vortexkammer. Då passar japanske filtermatter eller matalamatter fint. Flytande bioballar er også bra og ofte betre. Ein må har rist i utløp slik at bioballene ikkje går inn i rørsystemet og tettar dette. Med stein og anna synkande medie går ikkje bra for det vil blokkera utløpet i bunnen av kammeret. Ein kan bruka rist i kammeret til slikt medie, men det viser seg at mykje skitt kan samle seg under rista og dermed blir det meir arbeid med denne metoden. |
Dette er to kombifilter av typen Fishmate. Med 25 watt UV-lys, tre kurver med lavastein og to filtermatter. Pris: 2900,-. Dei blei mata av to pumper på 9000 liter i timen. Etter produktinformasjonen skulle eit slikt filter klare ein dam på 25.000 liter som ligg i skygge og har lite eller ingen fisk. 2 slike filter skulle passe i ein 25.000 liters dam i full sol og med lite eller ingen fisk. Og sjølvsagt med klart vann garanti. Dei har fungert bra då me enno hadde lite fisk i dam 2 (35.000 liter), men det blei fort mykje arbeid med denne type filter når dei vert overbelasta. Det vart meir koi i dammen og på det verste måtte filtermattene vaskast kvar dag fordi dei blei tette og vatnet rant over og rett tilbake i dammen urensa. Det er ikkje akkurat moro å vaske på filtermatter heile sommaren. Så unngå slike feilinnkjøp. Denne type filter er grei nok i små hagedammar utan eller berre nokre få koi. Det finns mange slike på markedet i ulike utgaver og merker. I dei fleste zoo butikkar har dei kun slike filter. Betjeninga der kan faktisk kunne finne på å fortelle deg at du kun treng å gjere reint filteret ein gong i året! Husk at desse er kun beregna på små enkle hagedammar og ubrukelege i ein koidam. Så har du planer om ny koidam er det heilt andre filter du skal sjå etter. |
Dette er et heimelaga tønnefilter. Tønnene er gratis eller koster deg nokre kroner i pant. Me fekk sveisa på rør og koblingar som kom på rundt 2500,-, men ein kunne brukt rør med gummipakningar og skur desse på også. Men me ville vere sikre på at systemet var tett. I den første tønna er det vortex med taurester. Dette fordi tønnene vart mata av ei pumpe i dammen og trykket inn er så stort at vortex ikkje fungerer bra nok og taurestane hjelper til med å fanga opp større partiklar slik at desse ikkje går så lett over i neste tønne som har ei heildekkande filtermatte. Den siste tønna har bioballar og luftesteinar. Dette er mykje meir arbeidsbesparande, rimeleg og fungerer svært bra med koi. Men det tek mykje plass. Og det er det ikkje alltid ein tenkjer på når ein lager dam er at ein også må ha plass til filteret! Hvis ein skal lage ein koidam er dette spesielt viktig. Enten ein velge ein Nexus eller eit fleirkammer-filter vil det ta stor plass. Hvis ein i tillegg har fleire bunndren og eit filtersystem på kvart dren treng ein endå meir plass. Og det er no eingong slik at eit filter knapt kan bli for stort for ein dam. Her er regelen dess større dess betre. Det store minus med dette filteret er at tønnene er flatbunna og dermed er det ikkje så lett å få ut alt slammet i bunnen og dermed går det fort med rundt 1000 liter damvatn nå ein skal vaske filteret. Fordelen er at ein kan lage eit slikt filter rimeleg sjølv. Meir om dette |
![]() Husk at eit filter vert aldri for stort for ein dam! Dess større filter dess mindre arbeid og betre vannkvalitet. For små filtersystem er dessverre den mest vanlege feilen. Og grunnen er ofte at ein ikkje har noko alternativ til dei små filterkassane dei har på zoobutikken. |
Filter i større dammar på 15 tonn og oppover er den fleksible fleirkammermodellen som består av fleire frittståande kammer. Ein kan lett koble til fleire kammer etter behov i eit slikt system. Ein kan nytta plassen betre, og det er eit veldig enkelt filter som fungerer. Tek eindel plass. Det kjem stadig nye fancy filter på markedet, men den gode gamle metoden er det ein ofte går tilbake til. Med større diameter vil vortexeffekten fungera betre. Ein anna ting med vortex er at det vil fungere meir effektivt hvis ein plasserer filtersystemet i samme høgd som vatnet i dammen. Då vil vatnet roleg renne inn i vortexkammeret og partiklar vil legge seg i bunnen lettare enn om ein har ei pumpe i dammen som sprutar vatn inn i kammeret med stort trykk. Det rotar berre opp skitten og mykje av fordelen med vortex kan bli borte. Andre fordelar med å grave ned filteret er at pumpa arbeider meir effektivt då den slepp å pumpe vatn opp men berre skubbar det gjennom systemet. Og ikkje minst: ein slepp å sjå det stygge filteret ved dammen. Og vedlikehaldet? Det bestå kun i å opne bunnkranane i kvart kammer og få skitten ut som legg seg i bunnen. Ein får kjøpt slike filter hos Strandvik plast som har lang erfaring og er pionerar innan utforming og produksjon av denne type kar. Dei kan levere filter i mange ulike dimensjonar, fargar og vinkel på kon i bunn. Ein kan med fordel ha mykje større vinkel på kon enn som vist på dette bildet. Og ein kan få vortex på alle, ikkje berre det første kammeret. Du kan få med heilstøypt sokkel eller med bein (som på bildet). I bunn får du ferdig påsatt albu i den dimensjon du vil ha. Kort sagt kan du få eit skreddersydd filtersystem til din dam og ditt behov. Fabrikken ligg 500 meter frå oss. Ta gjerne kontakt med oss for dimensjonering hvis du er i tvil om valg av størrelse på filtersystemet til den nye dammen din. I Nettbutikken finn du filter me har for salg. |
| Koi.no |