Nytt prosjekt. Plasttønner skal bli til damfilter.
Her er fatene vaska reine for såpe. (Dei kom frå ein såpefabrikk og kosta 25,- pr. stk.)
Her er det sveisa på rør i ulike dimensjonar. Inn og ut av systemet er det to 40mm rør og mellom tønnene er det 75mm. Tappekraner er sveisa på i bunnen. Arbeid (2 timer) og deler kostet 2500,-
Fire bend på 90 grader og fire muffer, og to rørstumper på 70 cm er forbindelsene mellom tønnene. Her ferdig montert. Biofilter med bioballer og luftsteiner.
Filtermatte Prøvedrift med UV. Tønne nr. 1: vortex Tønne nr. 2: filtermatte Tønne nr. 3: bioballer og luft. Her er det berre ei pumpe som går.

Konklusjon.
Dette er vårt første heimelaga filter. Me er svært fornøgd etter prøvedrift i 2 dagar. Vatnet i dammen har aldri vore så klart som det er no. Me har aldri kunna sett bunnen på det djupaste siden dammen vart laga. No er alt synleg. Også pumpene og slangene. Så no ser me nok ein god grunn til å heller satse på bunndren. Det er ikkje fint med slanger, ledningar og pumper når dei kjem så tydeleg fram som no.

Sjølve filteret er me stort sett svært nøgd med. Lurer litt på om pumpa arbeider for tungt med mottrykk frå 200 liter i den første tønna.

Vortex-systemet fungerer i tønne nr. 1. Det legg seg skit i bunnen av tønne nr. 1 som ein kan spyle ut med tappekranen i bunnen. Vel, det var det som var meininga. Etter å ha testa dette var det ikkje tegn til at skittent vatn kom ut. Her må ein forandre litt på bunnen i tønna, legge inn ei trakt slik at alt bunnfall legg seg ute ved tappekranen. Nokre børster for å fange opp meir skitt i tønne nr. 1 er ein god ide. Inngang til vortexkammeret er me ikkje heilt fornøgd med. Dei burde gått rett inn i siden slik at ein ikkje treng å lage bend på rørene inne i kammeret for at vatnet skulle rotere. Ein slik bend vil truleg bremse litt på vannstrømmen.

Tønne nr. 2 har ei rund filtermatte som berre er pressa ned i tønna. Laga litt større enn dimensjonen på tønna gjer at den heng godt fast uten støtte eller feste. Vatnet kjem inn i bunnen av tønna og pressar seg opp gjennom filteret. Dette filteret fjernar det meste. Problemet er at det vil. ettersom det blir meir fullt av biomasse kunne lage ei blokkering. Me vurderer å lage nokre åpninger slik at den ikkje vil stoppe eller bremse for mykje på vatnet etterkvart den blir meir full og tett. F.eks. lage den slik:



Dette blir meir som eit biofilter. Meir overflate til bakterievekst og minimalt vedlikehold. No har vi lite fisk i dammen og har egentleg ikkje bruk for meir biofiltrering, men treng meir mekanisk rensing så det er litt usikkert om dette er rett løsying i dag. Filtermatta slik den no står vil etter kort tid bli full og ein risikerer dermed at tønne nr. 1 renn over. Det blir og ekstra press på pumpa. Ei løysing er å koble om røret ut frå tønne nr. 1 slik at den ikkje gå inn nede på tønne 2 men gå horisontalt over. Då vil vatnet renne ned over filtermatta og ikke opp gjennom den. Dette vil kanskje by på problem ved at vatnet renn over i tønne 2 og kanskje tønne 1, men sjansen er mindre for under filteret vil det renne fortere ut til tønne 3. Filtermatta må være ganske tett før det blir et problem. Det er ikkje så viktig å ta vare på bakteriene i dette filteret. Det fungerer mest som et mekanisk filter og kan gjerne reingjerast. Ein annan fordel med dette systemet er at det ikkje legg seg rusk i bunnen av tønna som kan få fram patogene bakteria og virus.

I tønne nr. 3 er er biofilteret med bioballer og 2 luftesteiner for at bakteriane skal trivast. I starten hadde me heile 1500 bioballer (alt me hadde liggande) i tønna, men har tatt ut 600 av desse for å få litt bevegelse i ballane.

Det blir spennande å sjå korleis det fungerer utover sommaren med nye idear og løysingar.

Største minus: Tønnene har flat bunn. Slike filter bør absolutt ha ei trakt i bunnen der skitten samler seg og dermed er lett å spyle ut ved å åpne ventilen. Dette skal skje dagleg for å unngå at skitten blir grobunn for bakteriar og virus som er skadeleg for fisken.