VEDHUS I JAPANSK TEHUSSTIL
vedhusvedhus
Her skal det nye vedskjulet stå. Men fyrst må grunnarbeidet gjerast. Denne store steinen skal bli til småstein. Og når Cobraen ikkje vil starte er det slegge som må til.
vedhusvedhus
Steinen er knust og naboens gamle utedo sa takk for seg etter ein dag med sterk austavind. Det kom også mykje regn ein dag og det danna seg fort ein dam på 2000 liter i hålet der det ligg ein annan stor stein som skal knusast.
vedhus
Ferdig med grunnarbeidet. Mellom huset og det nye vedhuset er det plass til ein dam også
vedhusvedhus
Duk er lagt ut og med sand på toppen. Eit pusslespel av stein skal bli golv i ved/tehuset.
Fortsettelse......
vedhus
Og vips, der var golvet ferdig. Det blei veldig fint. Og det er vinterferie (vinter liksom) så kanskje naboen får tid til å fjerne utedoen?
31.Mai. Endeleg kunne me hente materialer frå saga i Strandvik. Reisverket er type grindverk uten spiker (trenagler). (klikk på bildet for større format)
vedhusvedhus
Her er Charly i gang med taksperrene.(klikk på bildet for større format) 3.juni er sperrene på plass og alt beisa. (klikk på bildet for større format)
vedhusvedhus
4.juni, Siste bit av sutak settes på plass. (klikk på bildet for større format) Til venstre: 14. Juni.
vedhusvedhus
14.juni, Vedhuset er ferdig og det er berre å fylle opp med ved til vinteren!
vedhusvedhus
All denne veden skal flyttast til vedhuset. Så er det berre å planlegge eit nytt prosjekt her.