Om oss
Litt om oss.
Me er Kirsten Birkeland og Charly Eloy Særvold.
Bur i Strandvik, Fusa kommune.
Her koser me oss i dam 2. Den er på rundt 35 000 liter.
I heile august 2002 var det godt og varmt i dammen (+25 C) så me tok bad nesten kvar dag.
Planar framover er å lage fleire dammar.
Me har hatt hagedam eindel år, men starta opp med fisk sommaren 1999.
Både kjøpte og fanga fisk til dammen. Interessa for damfisk har berre auka på og
i dag er favoritten dei japanske koi karpene.
I starten var me som dei fleste ikkje så nøye på kvalitet. Kjøpte bl.a. to slørhale
gullfisk. Noko som medfører at me må ta inn desse kvar haust då dei truleg ikkje vil
overleve vinteren ute under is. Så kvar vinter har me fisk inne i akvarie. Gjerne nokre små koi og, slik at dei kan
få vekse seg litt større gjennom vinteren.
Me har blitt meir bevist på kvalitet etter kvart. Ser oss om etter fin stamfisk til avl. Fiskane me
alt har i dammen begynner å nærme seg rett alder for gyting.
I Mai 2004 starta me eige firma og satsar på sal av koi og utstyr til dam.