Start ein Koi klubb

Korleis starte ein klubb
Spør din lokale zoobutikk om å få sette opp ein poster der du inviterer andre koientusiaster til å danne eller bli med i ein ny klubb. Legg óg ein bunke på disken eller der akvariene med koi står. Skriv navn og adresse til kontaktperson og annen informasjon kor ein kan møtast. Når det har komme nok interesserte er det tid for

Det første møtet.
Utnemn formann, sekretær og kasserar.
Foreslå navn på klubben
Fastsett møtedagar
Medlemskontingent
Program
Medlemsblad

Kva kan ein tilby medlemmer
Kontingenten på rundt 100-200 kroner, alt etter kor flott medlemsblad ein lagar. Det kan bestå av eit A4 ark eller hefte. Eit medlemsblad vil informere medlemmene om det som skjer og dette kostar litt å produsere og sende ut.
Programmet kan ha f.eks. foredrag om slikt som filtrering, varianter av koi, mat, helse og vasskvalitet. Medlemmer kan fortelje om sine dammar og ein kan ha turar til andre klubber eller dammer.

Nå klubben er i drift kan ein sette opp eit bibliotek av bøker, video og blader som medlemmene kan leige eller låne. Klubben kan få rabatt på den lokale zoobutikken og kan f.eks. kjøpe fór og medisin og selge på møtene.

Uansett om klubben er liten eller stor vil du kunne samle ei gruppe likesinna personer som gjerne vil vite meir om koi, og du vil få mange nye venner.