Import av Japanske Koi 2004

3. Juni 2004 klokka 15 45 skulle flyet med koi frå Japan lande på Flesland. Me og Jostein Holme frå Bømlo og Thomas Bjånesøy frå Austevoll var dei som var møtt fra for å ta imot fisken. Flyet var forsinka og landa klokka 16 00 og etter lang venting fekk me fisken endeleg ut av tollen klokka 17 15.
Då var det berre å laste i bilane og skynde seg til ferjene og heimover.

Me kom heim klokka 18 50 og starta straks med å åpne kassane. Den første såg grei ut. Fiskane var på rett kjøl og me var glade. Neste kasse såg ikkje så bra ut. Mange fisk låg på sida og hadde problemer. No fekk me litt meir fart i arbeidet. Den eine kassen etter den andre vart åpna. Store flotte kohaku på 40 cm låg på sida og panikken tok oss. Hadde det tatt for lang tid? Var mange døde? Planen om å legge posane med fisk i kara for tilvenning av temperatur vart fort kasta. Det same med planen om å ta ut ein og ein fisk varsamt frå posane. Her var det berre å åpne posane i ein fart og helle ut fisken med vatn og alt i kara fortast råd.

11 kassar var fort tomme og alle fiskane var på plass. Eit raskt overblikk når dette var gjort viste at det kun var ein fisk som var død. Alle dei flotte knallrøde kohakuane var no våkna til liv att og alt var berre godt. Ein test av vatnet i posane viste at vatnet var heilt topp. Ikkje spor av nitrit og ingen lukt. Ja faktisk var det same verdiar me har i våre dammar! Så Kamihata kan kunsten å sende koi. Dei har tross alt gjort dette i 40 år, lengst av alle. Tusen takk til Jostein som var med oss til Strandvik og hjalp til. Han kom ikkje heim til Bømlo med sine fisk før langt på natt.

Me kjøpte sjølve 358 koi denne gongen. Av desse var det 8 kohaku på 40cm, 160 assorted high standard på 8cm, 80 longfin ogon/purachina 8cm, 80 chagoi/soragoi/ochiba mix 8cm og 30 shusui 12cm.
Dei går no i karantene. Me har tatt nokre bilder av fisken og meir kjem. Fisken vert lagt ut til salg i slutten av juni. Også dei store kohaku koiene. Prisar frå 50 kroner og oppover. Det er muleg å sjå fisken her no og reservera til karantenetid er over.


koi koi
Jostein og Thomas står ser på mens vogna med kassane vert trilla ut.Dei kassane som skal videre til Stavanger med fly vert lasta av.
koikoi
Thomas og Jostein hjelper til med å laste i bilen.Thomas henter sin kasse.
koikoi
Stor spenning når første kasse åpnes.Fire flotte kohaku i fin form.


Koi Bilder