Nitrogensirkel   |  pH  |  Oksygen 
 
helse
vann
symptom
bakterier
parasitter
sopp
virus
karantene
heim

 

Temperatur

Unngå store temperatursvingningar fordi koi tåler dette langt mindre enn vi gjer. Ein reknar at 1 grad for oss tilsvarar 10 grader for koi. Så hvis ein senker temperaturen brått med 10 grader er det som vi opplever ein svingning frå f.eks. 50+ grader til 50- grader. Altså ikkje særleg behageleg.

Koi kan også få heteslag. Spesielt under transport om sommaren, eller i dammer med mykje ettermiddagsol. Problemene unngås ved å bruke ispakker under transport, og å gi fiskene skygge i dammen.
Symptom på fisk utsatt for hete: samler seg ved overflaten, ved vatnfall eller andre område kor det kan være litt høgare mengder oksygen , eller i skygge. Varmt vatn inneheld mindre oksygen enn kaldt vatn.

Behandling: gradvis nedkjøling ved å bytte vatn, tilfør meir oksygen og sørg for at det er rikeleg med skygge.
Hvis situasjonen er så alvorlig at fiskene kommer opp og gisper etter luft, eller henger like under overflaten og gulper i seg vatn som er rikere på oksygen kan du bruke ei sprayflaske med regulerbar dyse og fyll den med 3% hydrogenperoksid oppløsning. (sjå under oksygen )

Kuldesjokk.
Dette skjer nå fisken vert utsatt for dramatisk senking av temperatur i vatnet. Eit fall på så lite som 10 grader vil kunne være nok til å gi den sjokk og mulig ta livet av den. Spesielt hvis temperaturen i løpet av natten går ned frå rundt 10 grader og ned til 0 grader.
Symtom: Fisken er livløs, kroppen er stiv og den puster mindre enn ein gong i minuttet.
Behandling: Einaste mulighet å redde fisken er å heve temperaturen og gi den ei spøyte med Dexamethasone (hestemedisin!) så skal temperaturen hevast gradvis, ein bør komme fort opp i 10 grader Celsius og seinare litt meir forsiktig hevning av temperaturen neste dag eller så.

Hvis ein skal ha varme i dammen eller i tank om vinteren så pass på at temperaturen enten er minst 15 grader eller like over null. Ved temperatur rundt 10 grader kan fisken lett bli angrepen av parasittar, sopp, virus og bakterier mens immunforsvaret sov. Mindre koi kan overvintre inne i akvarium i romtemperatur. Kjønsmodne koi skal helst ha det litt kjølig slik at de får en føling for at det er vinter. D.v.s. ein temperatur rundt 15 grader.

Under eit eksperiment i Japan vart 8 dammer varma opp til ulike temperaturar og mellom dammene var det kanalar. Det vart sett ut koi i alle dammane som hadde temperaturar på 7, 10, 13, 15, 18, 21, 24, og 26 grader. Etter 4 dagar var alle koiene samla i dammene med 21 til 24 grader.