Nitrogensirkel   |  pH  |  Oksygen 
 
helse
vann
symptom
bakterier
parasitter
sopp
virus
karantene
heim

 

Koi om vinteren

Dette er tiden da fisken ligg i ein nesten dvalelignande tilstand og temperaturen er så lav at parasitter og bakterier er nesten like mykje i dvale som fisken.
Dette er ei viktig tid på året med hensyn til kva du gjer eller ikkje gjer før våren kjem i mars, april og mai som tradisjonelt er tida ein er utsatt for sjukdom.

Koi er ikkje ein kaldtvannsfisk. Hvis fisken fekk valget mellom kaldt eller varmt vatn ville den heilt klart velge det varme vatnet. Den vil óg helst ha mat heile året. Men det er ikkje alle dameigarar som har annledning eller ser seg råd til å varme opp dammen gjennom vinteren. Eit alternativ som mange brukar er at fisken vert tatt inn i tankar i kjellar eller garasje med eller utan oppvarming. Dette vert gjort oftast fordi dammen er for grunn til overvintring då den vil bunnfryse og fisken dør.

Mange koi må nok tilbringe vinteren ute under is, dette går som regel bra hvis ein ser til at fisken er frisk og fin på høsten og at dammen er reingjort og med nytt godt ferskt vatn.

Det som er viktig om vinteren er å sjekke vasskvaliteten. Den er vanlegvis veldig god men likevel.. Kaldt vatn ber meir oksygen enn varmt vatn så den verdien burde vere god.
Ammonium kan være eit problem viss ein har gitt mat periodar seint utover høsten, men den er vanlegvis heilt fin om vinteren. Det er lurt å ta inn vatnet du skal teste til det har fått romtemperatur. Ellers vil du få lavare falsk verdi i det kalde vatnet.
Nitrit er ikkje et problem fordi Nitrosomonas bakteriene ikkje er aktive om vinteren.
pH er meir uviss. Sjekk den.

Is på dammen er eit anna moment for vasskvaliteten. Gassar og andre gifter ligg fanga under isen og kan skade fisken.
Isen kan godt ligge nokre dagar, men så må ein lage hull slik at gassene kan komme ut.
Ein kan bruke varmekolbe. Me har brukt varmt vatn til å lage åpning med.
I vinter (2002/2003) har det ikkje vore mykje is. Den har komme og gått. På det meste var den 5 cm tjukk.

Slå aldri hull i isen. Dette vil være ett sjokk for fisken og dei kan faktisk bli døve av den skarpe lyden som forplanter deg gjennom vatnet. Bruk heller varmt vatn i ei stor panne. Sett den på isen og den vil lage et fint rundt hull.

Det er viktig at dammen er rein heile året men mest ved tidleg vår eller på seinvinteren.
Ein dam som er full av skitt, mudder og døde lauv er ein stor trussel mot fisken fordi dette er næring til patogene bakteriar og enkelte parasittar.
Pseudomonas og Aeromonas treng skittent vatn for å angripe fisk.
Det er parasitter som ikkje kan blomstre opp uten at vi legg det til rette med dårleg vatn: Epistylis, Scyphidia, Trichophrya og Trichodina trives best med et tjukt lag mudder på bunnen.

Hvis du ikkje har renska dammen før vinteren er det enno tid for det. Så snart isen er vekk kan ein sette i gang.
Fjerning av lauv og anna rusk. Du kan og sette på pumpe og filtrer nokre dagar til vatnet er klart. Filteret er sjølvsagt godt reingjort før ein startar opp.
Når våren kjem er det fristande på ein varm dag nå fisken samler seg ved overflata, å gje den litt mat.
Dette kan være risikabelt hvis temperaturen skulle gå ned etter mating. Fiskane fuller dei små magane sine og dei som et mest stryk med
Dei er ikkje i stand til å fordøye maten i kaldt vatn, og den råtner i magen og bakterier drep fisken gjennom blostrømmen.
Fisken overlever fint på minimal eller ingen mat når tempertaturen går under 13 grader om hausen og over 10-13 grader om våren.

Våren 2002 kom tidlig her vest og me starta som smått med fóring 9. april. Dette var tidligare enn vanleg.
Hikari Wheat-Germ, Grand Champion Wheat-Germ er greit å starte opp med. Hvis ein kan få fatt på fór med oksalinsyre eller Romet eller Terramycin er desse fine både å avslutte med om hausten og starte opp med om våren. Dette for å unngå at fisken sovner inn eller våkner opp med bakterie infeksjon.

Parasittkontroll om våren og hausten med salt. Gi 0.3% salt om hausten etter at du stopper mating. Og om våren etterfyller du salt til 0.3% når du starter mating. Det anbefalles ikkje å bruke salt heile året da parasitter kan utvikle resistens.

Før ein tilfører salt skal ein bytte ut 50% av vatnet i dammen. Ta ut plantene og reingjer dammen. Bruk salt uten jod. Me bruker havsalt i 4 kg. sekker. Fyll på 0.1% pr. 12 timer. Alt på ein gong hvis fisken alt er angrepen.

Kaliumpermanganat er et alternativ som ikkje er skadeleg for plantene. Men dette bør kun brukast nå det er problem og ikkje som forebyggande middel. Ein kan ta fleire bahandlinger og bytte ut 30-40% av vatnet kvar gong.
Kaliumpermanganat tek knekken på bakterier, sopp og parasitter.