|
Litt info om dammen juni 2005:
Volum ca. 7000 liter. Dimensjonen på dammen er ca. 3 x 3 meter, firkanta med eit kutta hjørne. Konstruksjon er ramme og panel i tre. Solid ramme i 2x4"
Dammen er bygd på ein veranda med forsterka fundament. Dammen har 14 fisker frå 18 og opp til
40 cm. Mike har planer om å ha totalt 20 fisk i dammen. 3 av desse er reservert til ein
ochiba shigure, ein kin showa og ein
goshiki. Den største fisken i dammen er ein veldig fin ki utsuri, minst er dei tre "juvelene" eller kikusui han nyleg kjøpte av oss.
Filtersystemet består av to gravitasjonsystem som blir mata frå side dren som går ned til bunnen av dammen. Rør dimmensjon 3" til filter. Begge system er drevet av 2 stk. Aquamax 5500 pumper som er tørrstilt.
System 1 er ein dobbel vortex på 60 cm i diameter.
Første vortex har ein rund japansk filtermatte på toppen, mens den andre har 50 liter med Kaldnes K1 filtermedie.
Lufting av K1 tar ei Airtech 15 luftpumpe seg av.
Etter filtrering går vatnet gjennom eit 25 watt kockney koi uv filter og tilslutt gjennom ein 2 kw profi heater (varmekolbe) før det returnerer til dammen i eit 1 1/2" rør.
System 2 er ein kockney koi mini vortex på 40 cm i diameter. Den har k1 for
mekanisk filtrering og igjen ei japansk filtermatte på toppen. Vatnet går så videre til ein Richdon Koi
fluid bed filter full av korall sand for bio filtrering og videre tilbake
i dammen i 1.5" rør.
Han har også ei airtech 40 luftpumpe med fire luftsteiner i dammen og to luftsteiner
i mellom den dobble vortex.
Dammen er oppvarma til 15 grader heile året.
I det siste har han hatt litt problem med ustabil pH. Men håper at alt ordner seg etter å ha buffra med lithaqua og østers skjell.
På spørsmålet om han har ein favoritt koi svara han at han liker alle fiskane,
men han har ein venleg soragoi og ein doitsu ochiba som er så roleg og avslappa at dei har fått alle dei andre med seg på mating frå hand og sutting på fingra.
|