ANNICKE - AUSTEVOLL


Her ser de bilete frå min nye hobby: Hagedam med koi! Eg har hatt dam med fontene i fleire år. Dammen er ein naturleg fordjupning i fjellet. Me har murt høgare kantar i år, men kjem til å gjera dammen endå djupare. Den er no 50 -60cm på det djupaste. I vår fekk eg kjøpt 4 koi frå Strandvik i Fusa, og dei stortrivst! Eg kjøpte små pellets hos dei og matar dei 2-3 gongar pr. dag no i sommar. Eg skiftar ut vatnet ofte, fyller på friskt vatn. Eg kjøpte og ei pumpe med UV-filter ,og den ser ut til å fungera fint. Vatnet er klårt.
Fontenen renser eg ofte, med sjølvlaga filter av brusflaske med nylonstrømpe rundt! Det fungerer flott. 3 flytelys lagar flott stemning om kvelden! Eg har og investert i vannliljer , og dei veks ! På ei veke har dei fått 6 nye blad!
Eg har planta noko eg kallar "Sokkaband" i små potter i dammen. Og gule hageliljer. ALt frå eigen hage. Som ein kan sjå utifrå bileta ligg dammen høgt i terrenget. Eg har laga fleire inngonger til dammen. Ein inngang er skilta med namna til fiskane(Sjå bilete) Nemo,Marlin, Eminem og Gully. Dammen er på ca 3000-4000 liter, men den blir nok større snart... Eg bur i Austevoll Kommune, nær brua til Selbjørn. Og heilt bitt av "fiskebasillen"!!