Årets gang i ein fiskedam 2007










01.01
Situasjon:
I kjellaren er det 4 glasfiberkar på 3000 liter kvar. Alt kobla saman med 75mm rør. Totalt er det vel 13000 liter vatn i systemet. Filter er Nexus 200 med answer og airtech 80 luftpumpe.
Filterpumpe er Aquamax 10000. I tillegg Elecro heater på 3 kw. Her går det ca. 126 koi i ein temperatur på 15 grader.
I dam nr. 1 går det 4 graskarper, 2 karuss, 2 gullsuter og 3 gullfisk. I dam 2 går det 52 koi.
Inne i hus er det 4 Akvarium med 12 koi + ca. 20 yngel.

23.01
Jammen kom vinteren!. Is på dammene og snøen laver ned. På tide å ta sommerdekka av bilen. Og kanskje vert det ein skitur før alt regner vekk.


Men det var ikkje alt som skjedde denne dagen. Fekk ein telefon på kvelden om at koi.no var blitt hacket! Ganske riktig. Nå vi sjekket siden kom dette opp:



Mulig berre guttestreker. Etter å ha fjernet manipulerte filer på serveren var vi oppe igjen ganske raskt. Men resultatet blir å flytte til et mer sikkert hotell for å unngå at dette skjer igjen.

24.01 I dag kom listene over årets koi-import. I å er 15 ulike oppdrettere med og dei tilbyr fisk heilt ned i yngelstørrelse 5 cm og opp til 40 cm. Kvalitet frå standard til høg. Og antall fisk pr. kasse varierer frå 5 til 120 koi.
Priser fra 3000-9000 pr. kasse. Listene blir sendt ut til alle som er interessert i import. Tid for import vert i april/mai. Ankomst Flesland flyplass.


27.01
Nettbutikken er flyttet til nytt webhotell p.g.a. tidligere angrep fra hackere. Takker Jørn som har vært så vennlig å låne oss plass.

04.04
Våren er her. Enno for kaldt til å mate koiene ute, men ikkje lenge til no. Charly har hatt seg en fin tur til Japan i vår og sett på masse fine koi. Det har komme inn bestilling på over 30 kasser til importen i Mai, så det ser ut til at interessa for koi er aukande.
P.g.a. drivhusprosjektet vårt kan me ikkje ta inn mykje koi i år. Karene som fisken pleier å gå i er fjerna slik at gravemaskin og traktor kan komme til på tomten. Dermed må me plassere kar andre plasser. Eit er alt satt opp borte med vedhuset. To andre kjem midt oppi urtehagen! Me vil prøve ut eazypodfilteret ombygd til gravitasjon på karene.
15.04
Den store dammen er tømd og skrubba. Og nytt vatn er tappa i. Fleire bøtter med frosk og padder er fjerna frå begge dammane. Fant 6 yngel i den minste dammen. Truleg gullfisk. Koiene i dammen og ca. 30 frå kjelleren er satt ut i 2 kar. Salta til 0,3% og tilsett elbagin. Temperatur i karene er rundt 14 grader. Fiskane ute fekk mat frå 12. april. No ser værmeldinga framover heller dyster ut. Minusgrader på natta uti veka og fare for snø. Så det vert enten stopp i matinga eller så må varmekolbene fram.
30.04
Endeleg kunne eindel koi komme ut frå kjeller til dam. Bilder er tatt og vil bli lagt ut så snart det vert tid. Tipper dei fleste som skal gå i dammen alt er på plass der. Ca. 50 stk. Dei satte stor pris på å komme ut. Har stor apetitt og maser etter mat heile dagen. Helsetilstand var veldig bra. Kun nokre få med karpepox då dei fleste no har vokst dette av seg. Ein Ochiba Shigure GinRin hadde som i fjor blødning frå gjellene ved innfanging og fotografering. Enno er det eit kar att i kjelleren med ca. 30 koi. Dei skal over i salgskar ute.



<>