Årets gang i ein fiskedam 2006
01.01
28.03
18.04
23.04
15.06
29.06
Situasjon:
I kjellaren er det 4 glasfiberkar på 3000 liter kvar. Alt kobla saman med 75mm rør. Totalt er det vel 13000 liter vatn i systemet. Filter er Nexus 200 med answer og airtech 80 luftpumpe. Filterpumpe er Aquamax 10000. I tillegg Elecro heater på 3 kw. Her går det ca. 180 koi i ein temperatur på 15 grader.
I dam nr. 1 går det ingen fisk i vinter. Dei er flytta over i dam 2. Der går det 4 graskarper, 2 karuss, 2 gullsuter og 3 gullfisk.
Inne i hus er det 4 Akvarium med 8 koi.
11.02
Lynet slo ned igjen! Sist var i september i fjor. Da rauk både modem og ethernetkortet i den gode gamle G3 datamaskinen. Uten internettforbindelse er maskinen ubrukelig for oss så ny superrask G5 iMac er på plass og klarte seg gjennom dette første lynet uten skader. Berre modem og ein gamal pc gjekk med denne gongen. Strandvik er veldig utsatt for lyn seier dei som veit slikt. Og fiskane, jau, dei går det berre bra med. Ingen direkte lynnedslag, og ikkje lengre tid med strømbrudd.
20.01
Koi.no har hatt internettsidene sine spredd rundt på ei drøss med servarar. Nokre gratis og andre ikkje. Dette vart både dyrt og forvirrande i lengden og me har difor fått webhotell der me har plass til å samle alle sidene. Det er godt med plass og dermed kan me lage nye sider. For eit problem var også at alle servarane var stappfulle så me måtte slette filer for å legge ut nye. Arbeidet med å flytte alt over til hotellet pågår. Adressa er som før: koi.no.
26.01
Nye koi flytter inn til helgen. 11 koi og 9 gullfisk skal bu på koi hotell hos oss i ei tid framover. Eigaren skal flytte og dermed må også dammen flyttast over til det nye huset. Det er ein glasfiber-dam så det er burde gå både lett og fort å flytte.
29.01
Venter fortsatt på "hotell-gjestene" som skulle komme i går. Det var imidlertid 5 cm is på dammen så flytting vart utsatt. Ingen vits å stresse fisken unødig. I dag er det mildt vær så isen smelter vel snart..
06.02
Fiskene er vel innkvartert i kjelleren og venter på å bli flyttet til sitt nye hjem. I dag forsvant isen på dam nr. 1. Det ligger ennå et lite lag med is på dam 2. Med 7 varmegrader og masse regn forsvinner den vel fort. Se bilde.
07.02
I dag var det vår i lufta. Det var som då ein var liten og tok av seg tunge vintersko i byte med lette tøysko. Det var som ein flaug og knapt var ned i bakken når ein sprang. Eg prøve ikkje det i dag. Nei, og vintersko er ikkje så tunge lenger heller at ein merkar nokon forskjell. Og snø har me heller ikkje lenger som før i tida. Dei siste åra har det i det minste vore nokre dagar med såpass snø at ein kunne ta skia fram. Men ikkje i vinter. Men, den kan kanskje enno komma? No er det vel ca. 2 månader til me kan ta ut fiskane frå kjellaren. Før det skal heile dammen tømmast og spylast rein. Nytt vatn og salt+kalk og montering at utstyr. Så er ein klart for ein ny sesong.
27.02
Javel, så kom vinteren i år også. Kira koser seg i snøen. I Playa del Vik (Strandvik) er palmene no snødekte. Det kom berre 3-4 cm så det blei ingen skitur. Og likebra det for ryggen er knekt etter all snømåkinga.
Etter ein uvanleg tørr og kald vinter regner det endeleg igjen på Vestlandet!. Siste spor av snø er vekk men det ligg enno eit 10 cm lag med is på dammen. Normalt skulle den vore isfri i midten av mars. Men så var faktisk oktober i fjor uvanleg mild og vinteren kom seinare enn vanleg. Så det er meir som ein forskyvning enn ein forlenging av vinteren. Koi klarer 200 dager samanhengande uten mat så det burde gå bra sjølv om det no nærmar seg grensa for mange dammar i kaldare strøk av landet.
9. April var isen vekk og dammen vart tømd og spyla rein. Fant ca. 18 padder/frosker i bunnen! Det tok 50 timer å fylle opp dammen att. Det er 6 grader så det er enno for kaldt å flytte ut fiskene frå kjeller til dam. Har tilsatt 2 bøtter skjelsand i dammen over vannfall og satt på pumpen så det er sirkulasjon slik at pH verdien kan stige opp til eit akseptabelt nivå. Det er litt krise her for på fredag kjem masse ny fisk inn frå Japan og med det kalde været er det ikkje lett å finne plass til alle desse fiskene inne. Det er alt for kaldt å ha dei ute. Så ja, dette blir spennande.
21. April kom 16 kasser med 629 koi til Flesland frå Niigata - Japan. Alt gjekk vel og i dag er alle koi levert og henta. Me kjøpte 176 koi og har i dag 169 igjen i karantene. Dette er mange high quality kohaku, mange chagoi, og ellers litt ulike typer. Bilder kjem dei neste dagane. Planen no framover er å sette ut fisken som har overvintra inne i kjellar. Så her vert det også mange nye bilder.
Dei som møtte opp på Flesland og henta koi. Klikk på bilde for stort format.
10.05
Ja, så kom sommeren. Med temperaturer opp mot 28 grader i skyggen og 20 grader i dammene. Gullfiskene er alt i gang med lek i dammen. Det er herlig å ha fått ut all fisk fra kjeller og se hvordan de koser seg med masse god plass i dammen. Har ikke helt oversikt på antall fisk, men det er vel ca. 350 i alt. Vi har nå fisk i 2 dammer, 6 glassfiberkar, et basseng i drivhuset og i 3 akvarier inne. Endel fisk legges snart ut for salg med sine nye mål og priser. De ny-importerte skal ennå gå i karantene i minimum 1-2 uker til. Det ser meget bra ut til nå og apetitten på mat er stor.
Me har oppdaga Gyro på koiene og er i full gang med å utrydde beistene. Ein 5 dagers kur KP (kalium permanganat) i dammen ser ut til å ha slått ut alt mikroliv. Test under mikroskop viser ikkje liv i det heile tatt der det for nokre dagar sidan krydde av mikroskopisk liv, og ingen gyro å sjå. Så dette ser veldig bra ut. Skal skrape litt meir fisk for å kunne sei at det har fungert 100%.
Ein ekstra kur med KP for å sikre utradering av Gyro i dammen. Her bilde av dammen under behandling. Masse sirkulasjon med pumper og luft mens vatnet er rødt og i tida etter når vatnet er brunt. Alle andre koi har også blitt behandla og me reknar alle for friske pr. i dag. Sidan Gyro er ein svært vanleg parasitt i hagedammar bør ein kanskje vurdere behandling av dammen hvis ein har problem. Spesielt hvis du er plaga med sår på koi om våren, eller ser at dei hoppar og klør seg mykje utan at dette har med vatnet å gjere. Det er vel heller sjelden at ein importør av koi har desse i karantene og sjekker fisken under mikroskop eller behandler koi før salg. Så ha all ny fisk i karantene og behande den med KP og deretter saltbad. Dermed skulle ein ha tatt knekken på alle typar parasitter slik at desse ikkje sprer seg til din dam.
20.07
I dag oppdaga me egg på gytebørstene i dammen. Så gjekk me altså glipp av sjølve leiken som må ha skjedd i dag tidleg. Trur det er soragoien som er mor. Koiene har frotsa i egg i heile dag før me fekk flytta børstane bort til vannliljene og lagt ut not for at dei ikkje skal eta meir. Så er det berre å vente nokre dagar på klekking hvis egga blei befrukta då. Soragoien er litt skada så det har visst gått hardt for seg.
Ellers går det sin vante gang i ein fantastisk flott sommar her vest. Koiene veks godt i varmen på Dai Suki Gold. Ventar ny palle med meir koifor over helga. P.g.a. stor vekst på koiene vil me ha eit problem til vinteren med plass inne til alle koiene.
Me planlegg koitreff også i år. Det vert ei eller to helger i starten av august før me reiser til Arcen på Europas største koi show 18-20. august. Der var me i fjor, og der vil me tilbake.
26.07
I dag var det komme yngel frå første gyting. Etter det har det komme meir egg så det kjem vel meir yngel i dagane framover. Har ikkje bestemt oss om me skal ta vare på desse eller la dei gå i dammen og bli koimat og ev. ta inn dei som skulle klare seg til hausten. Det blir tøft så eg er redd det vert til at me fanger inn alt me ser og tek jobben med mating. Det er jo litt moro å sjå dei vekse opp.
26.08
Tilbake etter ein liten ferie til Holland på koi show. Det var ein fin tur. Men det er ikkje lett å reise frå alt sjølv om det berre var 8 dagar. Mange hjalp til med hundepass, fiskepass og filterpass. Det siste gjekk ikkje så bra. Det viste seg at ein ny pumpe me hadde satt t i dammen var for kraftig for filteret og nexusen gjekk over sine bredder. Jim som skulle passe på filtersystem måtte ta seg eit bad i dammen for å ordne opp då slangen på pumpa hoppa av. Heldigvis har han erfaring med koi og dam og fekk det til å virke til slutt.
Yngelen har vokst og er no eit par cm. Så dei får snart komme inn for vinteren.
02.09
Me har bestemt oss for å slå til på eit tilbud om gratis drivhus mot å ta det ned og frakte det til Strandvik. Det er 16 x 32 meter og dermed over 500 kvadratmeter! Så dette vert det neste store prosjekt for oss. Her skal det bli god plass til koi om vinteren.
15.10
Arbeidet med demontering av drivhus er snart ferdig. I dag starta me innhøsting av koi for vinteren. Det er enno varmt, men det er greit å få det gjort før kulda kjem. Først var det koiene i dam 2 som vart tatt inn. Her var det 50 stk. I dei andre karene var det ca. 150 koi. Så sånn ca. 200 koi totalt + yngel.
Dette er det ikke plass til i kjellaren så omtrent halvparten vil gå ute i vinter.
30.10
Etter at Dam 2 vart tømd, skrubba rein og fekk nytt vatn, blei dei koiene som skal overvintre ute satt ut i dammen. Det går no 85 stk. der i ein stor stim. I dag vart karet i det små drivhuset tømd og fiskane som gjekk der er enten flytta i kjeller eller midlertidig inn i hus. Karet skal også ned i kjelleren for å ha ekstra plass for fisk der. Siste del av forberedelse før vinteren er i dam 1. Der går det eindel koi som også skal flyttast inn eller over i dam 2. Ellers skal resten av fiskane i dam 1: Karuss, gresskarpe, gullsuter og gullfisk overvintre der dei er.
27.12
Me venter enno på vinteren. I dammen er det 7-8 grader. Me har tatt inn fleire koi frå dam til kjeller. Totalt er det 126 koi i kjeller og 52 i dammen. Med dei 11 som går inne i akvariene vert det 189 koi totalt. I tillegg kjem yngel. Her er bilder av yngel tatt i november/desember.
God Jul og Godt Nyttår!!

