Årets gang i ein fiskedam 2005
01.01
Situasjon:
I kjellaren er det 4 glasfiberkar på 3000 liter kvar. Alt kobla saman med 75mm rør. Totalt er det vel 13000 liter vatn i systemet. Filter er Nexus 200 med answer og airtech 80 luftpumpe. Filterpumpe er Aquamax 10000. I tillegg Elecro heater på 3 kw. Her går det 165 koi i ein temperatur på 15 grader.
I dam nr. 1 går det ingen fisk i vinter. Dei er flytta over i dam 2. Der går det 3 koi, 5 graskarper, 2 karuss, 2 gullsuter og 2 gullfisk.
Inne i hus er det 4 Akvarium med 27 koi.
10.04
Dam nr. 2 er tømt og trykkspyla. Fant 2 frosk i bunnen + nokre øyenstikkarnymfer. Alle fiskane er flytta over i dam nr. 1. Det gjekk eit døgn og vel så det før dammen vart full att. Eindel kalksand og pulver vart satt til for å få opp pH og ha ein buffer. Vatnet i springen er surt. Ein pH på rundt 5.5. No er det berre å vente nokre dagar til det nye vatnet vert varmt og med pH på eit akseptabelt nivå. Me er litt stressa no for 21. april kjem nye koi og innan den tid må alle fiskane i kjellaren flyttast ut.
Me har alt satt opp 3 glasfiberkar med ein nexus og uv klar til å ta i mot dei fiskane som skal ut for salg.
16.04
Endeleg er det varmt nok til at me kan ta ut fiskane. Etter nokre fine dagar med sol har temperaturen i dammen komme opp i 15 grader. Flytta ut 20 koi frå kjellar til Dam 2. Det gjekk veldig bra. Nokre tilfeller av lymfecyster på finner. Desse vart tatt inn til varmebehandling. Som karpe pox forsvinn dette nå ein får opp temperaturen i vatnet. Me fekk eit støkk då ein koi begynte å blø kraftig frå gjellene. Det berre pumpa ut blod i stampen den gjekk i. Det er visst ikkje uvanleg, men første gong for oss. Blødningen stoppa fort og fisken vart satt ut i dammen.
Ellers har me kjørt vekk nokre bøtter med frosk og ein var her og henta to klaser med froskeegg til froskedammen sin.
17.01
Endå ein flott og varm dag. Me starta tidleg og fekk ut alle dei resterande 145 koiene frå kjellaren. 20 av desse gjekk i dam nr. 2 som no har 40 koi. Resten gjekk i glassfiberkar av same type som i kjellaren. Same utstyr, men uten heater og med UV.
Dermed er karene tomme i kjellaren og må no gjerast klar for nye koi som kjem frå Japan 21. April.
21.04
Sendte koi med flyfrakt til Evenes. Ein tur på litt over 12 timar. Fiskane kom vel fram.
Karene i kjellaren er klare. Nytt vatn og 0,5% salt. Temperatur ca. 12 grader. Dei nye koiene kom fram 18.15 på kvelden. Alt ser bra ut. I ein kasse med 70 koi var det nokre som var litt svake. Men ellers var det veldig bra. Og fiskane var veldig fine. Thomas som var med på import i fjor vart med inn til Strandvik i år. Han skulle ha 2 halve kassar så utsortering vart gjort etter at fiskane fekk komma litt til hektene etter den lange turen.
22.04.
Tom frå Bergen kom i dag med ein kamerat på motorsyklar. Han henta sin halve kasse i dag. Pakka ned i 4 motorsykkelvesker!
28.04
25 koi inne frå akvariene vart satt ut i dag. Måtte bruke litt tid på tilvenning av temperatur. 5 grader kaldere ute enn inne. 2 av dei 25 vart satt ut i dam 2, resten i glasfiberkar med dei andre som er til salgs.
06.05
Tid for rengjering av filter. Begge Answer slit litt i dam 2 og i karene. Spylte ut rørene frå bunndren og der var det mykje skitt! Ikkje så rart når det går over 150 koi på berre 10000 liter vatn. Men Nexus greier dette veldig godt. Kunne ikkje ha fiskane så tett uten eit godt filtersystem. Trykkspylte begge answer uten å ta dei ut av filteret. Det gjekk fort og greit. Nexus 300 i dam 2 var belagt av leirjord inni. Dessverre har Keiko gått litt amok på dei nye vannliljepottene i dammen. Så det klare fine vatnet vart over natta forvandla til grums. Og så kom sjølvsagt algene. Ja faktisk trådalger også i dammen med vannfall. Men no er det i ferd med å komma seg.
Dei nye koiene går enno i kjellaren. Det er 88 stk. og dei skal gå i karantene minst til ut mai. Eindel vert nok med på messa OS GAME FAIR 3-5 juni hvis alt går bra.