Årets gang i ein fiskedam 2004

01.01
Situasjon:
Dam i kjellaren på garasjen med 153 koi og 4 gullfiskar.
Dam nr. 1 ute med 5 graskarper, 2 karuss, 2 gullsuter og 1 gullvederbuk.
4 Akvarium inne med 23 koi.

06.01
Mista ein i dammen i kjellaren under garasjen. Der går det vel 150 koi og 4 gullfiskar som ventar på våren og å få komma seg ut att i dammen. Temperaturen i vatnet var berre 2 grader då dette skjedde og det blei truleg for kaldt for denne koien som var svært sky og har tatt til seg minimalt med mat sist sommar og haust. Den såg imidlertid ut til å vera i god form då me tok inn fiskane i oktober.
At den hadde problem blei oppdaga ved at den sømde for seg sjølv og at den i periodar låg på sida nede på botnen. Den blei straks tatt ut av dammen i eit forsøk på redde den. Den blei tatt inn og i løpet av få timar blei vanntemperaturen heva opp til 10 grader og vatnet vart tilsett oksygen samt litt salt. Dette hjalp dessverre ikkje og den døde nokre timar seinare. Etter dette vart det satt ut varmekolbe i kjellardammen og me fekk temperaturen opp til rundt 4 grader.

22.01
I dag bora eg eit hol i isen på dammen ute. Isen vart måla og var 12,5 cm tjukk, og djupna til botnen var 135 cm. Så tok eg eit digitalt termometer som me har inne, og som viser inne- og utetemperatur. Ledningen med følaren for utetemperatur festa eg til ei stong og fira den ned til botnen. Så var det berre å venta. Resultatet overraska meg litt for eg hadde ikkje trudd at ein så grunn dam kunne diska opp med nesten 4 gradar på botnen. Så konklusjonen er at hadde fiskane vore ute i dammen hadde dei faktisk hatt det varmare enn i dammen i kjellaren som i ein kuldeperiode no i januar var nede i berre 2+ gradar. I dag var det litt mildare her og det er plussgrader i lufta. For to dagar sidan derimot var det 2-3 minus gradar. Termometeret viser her øverst: utetemperatur og nederst: temperaturen i botnen av dammen.




07.02
Kjellardam - Mål: 2 meter x 4.80 meter og 0.66 meter djup. ca. 6300 liter.
pH = 7,5. Nitrit = 0. Temp. = 6 grader. Salinitet = ca. 0,1%
Pumpa ut 1/3 av vatnet. Satte på ein 300 watt varmekolbe og hadde i nytt vatn frå spring (pH 5.0). Tilsatte salt (ca. 5 kg).
Ny vasstand 70 cm (6700 liter). Temperatur 5 grader. pH = 7-7,5. Salinitet ca. 0,1%.

09.02.04
Planar om ny dam på eit ubrukt område på tomten. Området har plass til ein dam på minst 300 tonn, men det blir vel for dyrt å drive så truleg vert det ein eller fleire mindre dammar. Bygd ut etter behov. I dette søkket er det lett å få til god dybde på dammane, men det må murast opp ein solid og høg mur i nedre del av tomten.
Dette skal bli reine koidammar. Truleg bygd med murstein og dekt med glasfiber.
Bildet til venstre er tatt mot vest med nabohus. Bildet til høgre er tatt mot aust med garasje.



17.03
Dammen er endeleg isfri! Heile 9 dagar seinare enn i fjor. Ny istid på vei?
Men det er ingen fisk i dammen. Dei er alle inne i hus og kjeller med oppvarming.
No skal dammen pumpast tom og nytt vatn skal i og det skal stå og modne seg til fiskane skal ut seinare i vår.

29.03
Me reiste ein tur til England 22.03 med Englandsbåten Jupiter som går frå Bergen til Newcastle. Der besøkte me mange kjente og ukjente innen det engelske koi-miljøet. Veldig moro og lærerik tur som du kan lese meir om her. Me returnerte til Bergen 28.03 og alt sto bra til med fiskane når me kom heim.
I dag har me satt opp eit basseng i drivhuset på rundt 3000 liter. Ellers foretatt utskifting av uv-lysrør og satt i nye filter i ein av fishmatefiltra. Montert pumpe i bassenget og starta opp. Tatt ein tur på stranda og plukka skjel til filteret, samt laga ein liten japansk steinhage utanfor drivhuset.

04.04
Etter ei veke med strålande vær kom regnet. Bassenget i drivhuset har no 20 koi gåande som er tatt ut frå dammen i kjellaren. Me har dyrka fram bakteriekultur (Kusuri) inne og hadde dette i filteret i går for å få litt fart på systemet. Me har også satt opp ein provisorisk dam på ca 4500 liter ute. Men ennå er det for kaldt å ta fisk ut der. Her skal me sette opp ei Aquamax 10000 pumpe og det gamle tønnefilteret som no er utstyrt med 12 børster i første kammer. Håpar det fungerer bra. Den største dammen skal i år gå på eit Nexus 300 filter med 200 liter K1 og ei airtech 80 luftpumpe. No ventar me kun på varmare vær!

15.04
Vå første Nexus 300 er satt opp og testa. Den fungerte perfekt og det skal bli moro å prøve den ut på den store dammen i sommar. Temperaturen i dammen var endeleg oppe i 10 grader. Operasjon frosk vart satt i gang og 15 frosk og padder vart fanga under høylytt protest og flytta til ein annan dam. 3 store klaser froske egg var samla inn og skal flyttast til ein froskedam 5 km unna. Enno er det eindel frosk att i dammane som slapp unna i denne omgang. Me vil helst ikkje ha slike dyr saman med koi. Det er fleire grunnar til dette men mest kanskje at dei fører med seg parasittar til fisk og at dei kan drepe fisk ved at hannfrosk i mangel av hunner kan henger seg på fiskane og faktisk kan kvele fisken hvis gjellene vert stengt.

20.04
18. april starta flytting av fisk ut frå kjeller til dammane. Også i går ble eindel fisk satt ut. Det var moro å sjå liv i den store dammen som har stått tom sidan i fjor haust.
Over 40 frosk er til no fanga inn! I dag kom ny forsyning av ferskt Hikari koifór. 14 kilo Wheat germ og 4,5 kilo Gold. Enno er det sparsomt med fóring i utedammane. Temperatur kun 10 grader og fisken har liten apetitt. Når det kjem opp i 15 grader skal dei som går inne i akvarium sleppast ut. No er dei blitt så store at det begynner å bli trangt.


23.04
I dag var temperaturen i dam 2 (den store) 13 grader. I den provisoriske karantenedammen på cirka 5000 liter var det 15 grader og der har dei japanske koiene fått smaken på mat. I år har denne dammen fått både tønnefilteret og UV som blei brukt på dam 2 så dermed har den eit rimeleg overdimensjonert filter og me treng ikkje tenke på nitritproblem som i fjor. Filteret er no utstyrt med 12 filterbørster og biokammeret har 6 keramiske luftesteiner drevet av ei Airtech 40 pumpe. Så her koker det no like friskt som i Nexusen. Kanskje litt vel friskt for det har komme eindel blå biter av ballane ut i dammen. Har bytta ut luftslangane med lengre slanger så steinane ligg på bunnen i tønna og håper det gir mindre slitasje på ballane. Alternativ blir å bytte ut med K1 eller fjerne nokre luftesteiner.
Dam 2 som har fått Nexus 300 har enno ikkje fått UVlampe montert så den er blitt ganske så grønn på farge. Bioballane K1 er enno ikkje blitt modne etter berre ei veke i drift, men det går ikkje så mange fisk i dammen, og dei er heller ikkje så ivrige på maten.

17.05
Etter mange fine varme dagar der temperaturen i dammane kom opp i nesten 20 grader har den no droppa ned til 13 igjen. Eindel fleire koi er satt ut i dammen og no er det berre 12 att inne i hus. Har testa ut ein Oase skimmer og den fungerer fint.

04.10
Det har skjedd mykje gjennom sommaren som dessverre ikkje har blitt notert ned her. Me har bl.a. starta firma og ein liten butikk. Der har me både importert meir japanske koi og masse utstyr til koidammar.
I butikken satsar me på god kvalitet på utstyret me tilbyr. Og gjerne ting ein ikkje får fatt på i andre butikkar.
Det me er mest begeistra for er dei nye Nexus filtra som me også har fått prøvd ut i sommar. Og då me seinare monterte The Answer i begge Nexusane me hadde i bruk var det ein stor besparelse i arbeid. Dette går av seg sjølv. Så dette var utan tvil det beste som har skjedd her i sommar.
Importen av koi gjekk ikkje så knirkefritt som i fjor. 2 kassar av dei 6 1/2 me kjøpte var ikkje av topp kvalitet så me mista eindel av desse p.g.a. bakterieinfeksjonar. Lærdommen var at ein ikkje skal ta inn meir fisk enn ein har plass til, og ikkje for små fisk då desse er svakare og vanskelegare å behandle.
Ellers har det gått veldig bra med fiskane i dei andre kassane. Mange koi er solgt både nye og frå fjorårets import. No har me nettopp tatt inn all fisk som skulle inn for vinteren. Me har talt opp totalt 215 koi. Litt meir enn i fjor, men i år skal 51 koi gå ute i dam 2 så det er berre rundt 150 koi i kjellaren i år. Desse går i ca. 7500 liter fordelt på 3 kar. To glasfiber kar kobla til ein nexus 200 og eit plastduk kar med pumpe og eit lite fishmate filter. I det siste går dei minste sidan det ikkje har så godt filtersystem. I år har me også tenkt å ha litt varme på i kjellaren. Nytt i dam 2 er at filteret er flytta nærmare dammen og det er laga eit vannfall. Ellers ingen større damprosjekt ferdig. Men store planer om meir plass mangler det ikkje på.
Ingen alvorlege sjukdommar i sommar. Nokre få tilfelle av sopp og carp pox når temperaturen fall. Den store dammen er no støvsugd og det er bytta vatn og salta for vinteren.
Dam nr. 1 har hatt stor oppblomstring av både andemat, froskebitt og tusenblad. Ja, mange andre planter også har likt seg godt der. Ellers går det to karusshannar, to gullfiskhannar, 2 gullsuter og 5 gresskarper. Dei skal alle overvintra ute.