F i s k e d a m m e n




Denne dammen vart laga i 2001 og er på cirka 35.000 liter.
Den vart bygd som ein koidam, d.v.s. at ein tenkjer først og fremst på fiskens ve og vel og ikkje på å lage ein dekorativ hagedam.
Den er ca. 150cm på det djupaste. Koi liker djupt vatn så slike dammar kan godt være over 2 meter djupe.
Det me savner mest med denne dammen er eit eller to bunndren. Det hadde letta arbeidet med å halde dammen rein og oppnå ein betre vasskvalitet.