Dam 1


Våren 1998 kjøpte me inn nokre koi og gullfisk til denne naturlege dammen på fjellgrunn. Me hadde lenge drøymt om å ha ein fiskedam her og det fungerte heilt fint, sjølv om dammen var litt liten og etter boka ikkje djup nok for overvintring. Me hadde litt av ei fiskesuppe til slutt: koi, gullfisk, gullvederbuk, gresskarper, karuss, algeetarar, stingsild og bekkaure.

Bildet er tatt i juli 2001. I øvre venstre hjørne ser du at utgraving av den nye dammen er i full gang.



Første vinteren 1998/1999 tok me ikkje sjansen på å ha fiskane ute så i oktober tok me alle inn i et nyinnkjøpt 540 liters akvarium. Grunnen var at me var redd for å miste dei ute, men og det at me ville få anledning til å kunne sjå på dei, og prøva å få dei meir tamme.
Ein av fiskane vart kasta ut att i dammen etter kort tid. Dette var ein bekkeaure me hadde fanga tidlegare på sommaren. Den passa dessverre ikkje saman med dei andre fiskane. Dei var redd han fordi han gjekk til angrep på dei minste fiskane. Me fann stingsild delt i to eller som mangla hovud! Resten av stingsildene strauk forresten med av prikkesyke. Så denne auren måtte ut i dammen att og når våren kom satte me han ut att i bekken han kom frå. Ikkje alle fiskar passar like godt saman.